Anders Nyvoll skåra fem mål mot Ferkingstad 2 i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anders Nyvoll scoret mot Sveio 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nyvoll skåra fem då Stega 2 vann stort

Stegaberg 2 vann heile 9-1 over botnlaget Ferkingstad 2 i kveldens kamp i 7. divisjon. Anders Nyvoll blei kampens store spelar med fem mål. Og det kunne fort blitt meir på spissen.

Måndag var det Olav Runestad som skåra fem mål i 7. divisjon, då Nedstrand vann over Bømlo. I kveld var det Nyvoll sin tur. Tre av måla kom før pause kor Stegaberg leia 4-1.

Gjestane frå sør-Karmøy skåra på eit vådeskott frå langt hald, og hadde få sjansar til å utfordre heimelaget.

Sjølv om protokollen viste solide 9-1 til slutt, var det mykje slurv også denne gongen. Men etter fleire nedturar smakte det nok godt å få seg ein skikkeleg storsiger.

Nå ventar Haugar 3, som også er eit lag Stegaberg bør slå.

Tiger slo Karmsund 2 4-2 på Stord i kveld.

Kampfakta

Stegaberg 2   9 (4)

Ferkingstad 2  1 (1)

7. div. avd. 4

Frakkagjerd kunstgras

1-0 Anders Nyvoll (7)

2-0 Anders Nyvoll (28)

3-0 Daniel Fjellstad (30)

4-0 Anders Nyvoll (32)

4-1 Morten Pedersen (36)

5-1 AndersNyvoll (47)

6-1 Eirik Djønne (54)

7-1 Jan Erik Vatland (64)

8-1 Anders Nyvoll (70)

9-1 Lars Einar Kolstø (73)

Domar: Bent A. Ingebrigtsen, Djerv 1919

Tilskodarar: 25