Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Ber om å få gjelda sletta

Mens 30 prosent droppar ut av vidaregåande skular i snitt i Noreg, er talet berre 1-2 prosent på Tveit. 

Av Mona Terjesen

For å kunne behalde den suksessfulle skulen i Nedstrand, og utvikle han vidare, ber leiinga no om å få gjelda si hos kommunen og fylkeskommunen – sletta.

Stor bedrift

Det er knapt fråfall på Tveit. Det poengterte styreleiar Arne Kjell Askeland, då han og rektor Randi Rettedal besøkte formannskapet på tysdag. Dei to var tilstades for å fortelje om status, ønskjer og planer for framtida på Tveit. Innlegget deira blir brukt som bakgrunn for søknaden om å få sløyfa gjelda til kommunen på 4,1 millionar. Same bønn er gitt til fylkeskommunen, der det er snakk om 2,5 millionar kroner. Dei folkevalte får snart førespurnaden som politisk sak og skal bestemme kva som skjer med gjelda.

– Skulen er utruleg viktig, for mange. Det er snakk om den største bedrifta i Nedstrand. Dei tilsette jobber bevisst for at elevane skal trivast og at så mange som mogleg skal fullføre. Den jobben lukkast dei med. Om ein fekk redusert fråfallet i den vidare skulen i Noreg frå 30 til 20 prosent, så ville det spart det norske samfunnet heile 5 milliardar kroner! Då kan dokker tenke dokker kor lønnsamt ein driv på Tveit, sa Askeland, og snakka vidare om kor viktige linjene på skulen er, og kva ein får igjen for å ha såpass mykje undervisning utandørs.

– Det er sunt å komme seg utav klasserommet.

Les heile saka i papirutgåva