Helga Haugsnes Borgen har sendt oss denne rapporten:
– Det beste for de fleste, uttaler Remlov i sin presentasjon.
Tysværtunet har fått tildelt godbitane frå programmet. Folk i Tysvær og omegn kan glede seg til nettopp, det beste for dei fleste, som er følgande.
Torsdag 24/9 , «Samfunnets støtter» av Henrik Ibsen med kjendisskodespelarar som mellom anna Irene Reppen, Henrik Mestad, Anne Ryg og Per Christian Ellefsen, sist nemnte huskes godt frå «Elling»-filmane.
Laurdag 31/10 barna kan gleda seg teatermusikalen, «Pinocchio» guten med verdas mest berømte nase. Feelgoodmusical for heile familien, kjent frå Walt Disney sin filmversjon.
Are Kalvø gjer stor suksess med fulle hus i Oslo om dagen, med humorshowet «Ein time av livet ditt du aldri får tilbake» . Samarbeid med Riksteatret gjer at Tysværtunet tilbyr showet. Me nytta anledninga til å sjå førestillinga i Oslo denne veka. Dette blir ein vel anvendt time på Tysværtunet, å få med seg. Passar godt for alle som liker stand up og sjølvsagt har sansen for humørfylte Kalvø. Her harselerer han med fakta frå Statistisk Sentralbyrå sine data, egne erfaringar, samt byr på knakande gode imitasjonar av kjent folk. Ein hemmelig «kjent gjest» i salen, er også blant krydderet denne kvelden.
Den populære barneboka «Bukkene Bruse på Badeland» settes opp som teater 8.mars. Denne spåast like stor framtid som Egners «Karius og Baktus». Med varigheit på berre 40 minuttar passar denne for dei aller yngste teatergjestene våre.