Kunstnaren frå Aksdal har eit stor publikum og det blei trongt om plassane då gallerileiar ved Haugesund Bildegalleri, Grethe Lunde Øvrebø, opna utstillinga. I sin svært gode tale kom ho inn på fleire sentrale punkt ved Nygaards kunstnarliv.
– Det er ikkje kva me veit som er på bileta, men kva me ser som er det unike med desse bileta. Og me som observatørar ser satdig noko nytt. Olav Nygaars sine måleri er på mange måtar unike og det er ei stor glede å opne denne utstillinga, sa Lunde Øvrebø.
Kunstnaren sjølv var svært godt nøgd med utstillinga.
– Eg måtte gjere nokre justeringar undervegs, men nå når alt er klart er eg godt nøgd med korleis det ser ut. Kjekt at det er så mange som vil vere med på dette sa, Nygaard medan folk strøyma til.
Pianist Maria Johansson spelte to stykker, noko som passa fint i ein verdig opningsseremoni.
Mange ville la seg forføre av vakker kunst
Det er sommar i lufta og då passa det godt at måleri av Olav Nygaard heng i galleriet i tysværtunet. Svært mange hadde funne vegen til kunstutstillingsopninga nå i kveld.