«- Entreprenøren vår, Vassbakk & Stol, har frist til 10. juli, men alle arbeidar for å bli ferdige med arbeidet så raskt som mogleg, seier byggeleiar Helge Kjetilstad i Statens vegvesen.
Tunnelen ved Førrestjørn er mellom anna blitt utvida og fått nye lys. Asfalteringa i og ved tunnelen er i gang, men framleis står det att litt arbeid før trafikantane slepp gjennom.
– Grovt sagt skal vi asfaltere, støype kantar, legge trekkerøyr og diverse anna før alt er ferdig.
Vi er godt nøgd med arbeidet til entreprenøren, seier Kjetilstad.
Arbeidet i Førrestunnelen snart ferdig
Trafikantane får ein sikrare tunnel når tunnelen opnar i juli. Førrestunnelen på E134 har vore stengt sidan 2. mars.