Vamp og Øystein Sunde er allereie omtala som haustens artistar i Tysværtunet.
8. november kjem Arne Benoni og 18. november er det Tønes som står på scenen. Ingrid Bjørnov har fått mykje skryt for sitt musikalske show og gjestar «Tunet» 15. oktober.
I Sysco Arena blir det garantert liv og moro når Vassendgutane kjem den 31. oktober. Dei har hatt stor suksess over heile landet og garanterar stor stemning når storhallen opnar dørene til ein skikkeleg «bondefest».