– Dette er ikkje greitt, enten så må alle skulane få same tilbodet, eller ingen, meiner politikarar.
Reagerer
Under formannskapsmøtet førre veke kom det fram at elevane på Tysværvåg barne- og ungdomsskule får gratis skyss etter leksehjelp. Dette har administrasjonen innvilga, utan at politikarane har fått vite om det. Noko som skapar reaksjonar blant dei.
– Eg har blitt kontakta av foreldre frå andre skular som reagerer på kvifor dei ikkje får same tilbodet. Det er ikkje sett av midlar til dette i budsjettet, så kor tar me pengane frå, sa Sigmund Lier (AP).
– Det er ingen andre som har fått dette tilbodet. Eg lurer på i kva heimel kommunen kan gjere slike vedtak, utanom budsjettet, kommenterte Ola S. Apeland (H).
– Her er det ein skule som har søkt etter skyss, det må også dei andre gjere om dei har behovet, meinte Karsten A. Larsen (FrP).
– Men det har dei jo også gjort, og fått nei. Fordi det ikkje er sett av midlar til det. Derfor blir det eit problem når éin skule plutseleg får ja. Me må handle etter likskapsprinsippet her. Tilbyr me dette til ein skule så må også dei andre få tilbodet. Dette er ikkje greitt, parerte Lier.
Les heile saka i papirutgåva.