At nokon meiner at det er på grunn av oss, fordi me påpeiker dette gjennom våre reportasjar, kan me leve godt med. Det er på mange måtar vår jobb. Me er ein bodbringar, og det er slett ikkje alltid ein kjekk jobb.
Det er snart sommarferie i skulen og det er kanskje tid for å begynne å rydde opp i det som har skjedd, og det som er i ferd med å skje. Dei siste vekene har det dukka opp alvorlege avvik, både i innhaldet i skulen, og måten skulen blir driven på. Dett gjeld undervisning i den eine enden av skalaen og samarbeid i den andre. Det er også ein oppblomstrande målstrid, som Tysvær-skulen slett ikkje var førebudd på.
Likevel er det mest alvorleg når stadig fleire i desse sakene påpeiker mangel på ei tydeleg leiing på skulekontoret. Me kjenner til både dokumenter og møter der ein diskuterer måten skulen blir driven på, og oppfølginga ein får frå øvste hald. Svaret er at ein slett ikkje tilfredstiller dei krav ein må kunne ha i 2015.
Eg trur ikkje dette berre handlar om skulesjefen eller administrasjonen på rådhuset. Eg trur dette handlar om vilje til å ta eit tak, peike på lika i skapet, og å komme vidare.
Tysvær-skulen er kjend for å ha mange dyktige medarbeidarar. Frå miljøarbeidaren i den eine enden av skalaen, til rektorane på toppen. Alle med eit tydeleg mål om å gjere det best muleg for elevane.
Etter å ha besøkt skular jamleg i snart åtte år vil eg nå stille spørsmål i offentlegheita. Er Tysvær i ferd med å drepe tiltakslysta til alle desse skulefolka? Er det rett eller feil at skulesjefen ikkje får til kommunikasjonen med sine leiarar? Har me for små skulemiljø? Blir skulekvardagen for dei tilsette øydelagt av oppgåver, som ikkje har med undervisning å gjere? Har ein laga seg eit møtehysteri, som ein ikkje klarer å komme seg ut av?
Tar ein ikkje tak i desse spørsmåla umiddelbart vil også politikarane komme på banen. Nå sit dei fleste som spørsmålsteikn og lurer på kva det er som skjer.
Skal debatten rundt innhaldet i skulen handle om anna enn personalkonfliktar, manglar og vanskelege økonomiske utfordringar, må det rett og slett takast eit skikkeleg skippertak.
Om ikkje, vil me som den lokale bodbringar garantert kunne fylle våre spalter med fleire triste og heilt unødvendige saker.
Tysvær-skulen skal vere ein god stad å vere, og ein god stad å lære. Det gjeld også for dei vaksne. Det må skuleleiinga i Tysvær merke seg.
Vis difor styrke når dei er tilbake på jobb etter ein fortent sommarferie.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør