– Auken er bare ein prosent, men sidan vi har hatt besøksrekordar seks år på rad, er vi særs godt fornøgd med å fortsette denne gode trenden. Det lokale publikum støtter godt opp mot den lokale kinoen og det lages filmar som publikum vil sjå, seier kinosjef Øystein Simonsen.
Gratis sommarkino heile skuleferien
Tilbodet med gratiskino byrja i 2001, og har vore eit svært populært tilbod på Tysværtunet.
– Me kombinerer dette med ope basseng gjennom heile sommarferien. Været påverkar sjølvsagt besøket, men det har vore jamt totalbesøk uavhengig av været dei siste åra. Tilbodet varer heile skuleferien. Me viser dei mest populære filmane som nylig har gått på kino, seier Simonsen.
Tilbodet om gratiskino er i år mogleg med godt samarbeid med Aksdal Senter og Haugesund Sparebank. Også Aksdal Senter har svært høgt besøk på sommaren på grunn av hyttebesøkande i Tysvær. Tilbodet om gratis kino og ope badeanlegg trekker folk frå heile Haugalandet, turistar og tilreisande.
Kinosommeren ser bra ut
Det kjem mange store filmar for både store og mindre store i løpet av sommaren.
– Filmar me har store forventningar til er “Minions“ , “Magic Mike XXL”, “Mission Impossible: Rogue nation”, “Vacation (ny “hjelp vi må på ferie”)” , “Terminator: Genisys”, “Ted 2”, “Ant Man”, “Fantastic four” og ikkje minst Disney pixars “Innsiden ut”. I tillegg ser det ut til å bli ein god filmhaust, så alt ligger til rette for eit godt kinoår for Tysvær kinos publikum, seier kinosjefen.
Nokre filmar til hausten som me trur på: “Bølgen”, “Karsten og petra på safari”, “Doktor proktors tidsbadekar”, “Villmark 2”, “James bond:Spectre”, “Julekongen – full rustning”, “Hunger Games: Mockingjay Part 2”, “Star Wars: The force awakens” og “Solan og Ludvig: Herfra til Flåklypa”
Pressemelding sendt ut av Tysvær Kino