Espen Sørenes og Falkeid skal til Grinde i kveld og møte Skjold i vintercupen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Sørenes skåra mot Ølen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ølen blei for sterke

Falkeid tok leiinga, men hadde ikkje sjanse då Ølen skrudde opp tempo på Troppene. Det enda med 1-5-tap.

Espen Sørenes sendte heimelaget i leiinga etter omlag 20 minuttar. Då var det jamspelt og spanande. Så fekk Ølen to mål før pause og ein begynte å ane kva som var i vente.
– Det blei skilnad på laga då dei begynte å skåre mål. Ølen er eit godt lag og vann fortent. me var gode i 1. omgang og var på høgden me dei då, seier lagleiar Tor Ivar Hetland.
Falkeid kjempa godt også i andre omgang, men det var ikkje nok til å stoppe maskineriet til Ølen som ikkje stoppa før det var 5-1.
Dermed er Ølen framleis fire poeng bak Stegaberg, det same som Leirvik som vann 2-0 borte mot Nord.

Kampfakta

Falkeid 1 (1)
Ølen 5 (2)
5. div. avd. 3
Troppene
1-0 Espen Sørenes
1-1 Håkon Stople
1-2 Magne Christiansen
1-3 Oliver Vestbø
1-4 Roger Vaka
1-5 Rune Torstensbø
Domar: Carl Gregor, Vard