Dette var første haustkampen og slik kjentes det også ut. Iskaldt og ein litt vanskeleg vind frå nord. Men dei trufaste Skjold-supporterane slapp å vente lenge på 1-0. Hilberg Nemeth såg at ei heading frå Christian Askeland kunne hamne hos han på bakre stolpe. Lett pirka Nemeth inn 1-0. Så blei det både 2-0 og 3-0 før pause, i ein omgang Skjold dominerte fullstendig.
– Det var ein bra omgang kor alle jobba knallhardt. Eg var mykje med i spelet og etter kvart gjekk det berre betre og betre for meg. Dessverre har eg ein liten strekk i låret, som plagar meg, sa Nemeth.
Mye plaga kan han ikkje ha vore for berre to minuttar etter kvilen var han på farten igjen. Elias Jøssang Kerchaoui kom på eit raid på høgresida og spelte fri Nemeth som skåra sikkert på Andreas Bauer Nyland Jacobsen. Dermed var kampen punktert.
– Det gjorde utruleg godt, meinte Hilberg Nemeth som var banens beste.
Tilbake for fullt
Ein som utfordra han på den tittelen var Christian Askeland, som nå er tilbake for fullt. Fullstendig sjef i alt han gjorde, og full kontroll bakover.
– Eg har vore på kvar einaste trening etter at eg blei skadefri. Det går betre og betre for kvar kamp og i dag hadde me full kontroll og kjekt utpå der. Å ta ein slik kamp med oss inn i sommarferien var akkurat det me trengte. Einaste minuset i dag var at «han der» linjemannen vinka meg av for offside på blankt mål. Det var feil og det hadde blitt mål, smiler Askeland.
Skjold var best i 90 minuttar og vann ein 100 prosent fortent siger. Nå er det sommarferie i 4. divisjon.

Haugar møtte Avaldsnes i ein annen kamp i 4. divisjon i kveld. Den kampen endte: 0-5
Faktaboks
Torvastad 1 (0)
Skjold 4 (3)
4. div. avd. 3
Torvastad Idrettsenter
0-1 Hilberg Nemeth (12)
0-2 Mats Steinsland (27)
0-3 Vegard Steinsland (35)
0-4 Hilberg Nemeth (48)
1-4 Kenneth Mortveit (85)
Dommar: Ole Petter Grindheim, Haugar, SK
Tilskodarar: 30 iskalde