Tøffe tak på Troppene. Her er det Stegaberg-spelar Kristoffer Askeland som blir kontant stoppa av Emil og Bertin Gismarvik. Stian Knutsen i bakgrunnen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bertin Gismarvik og Falkeid møter Haugaland i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Svært viktig poeng

Kopervik 2 og Falkeid spelte eit skikkeleg botnoppgjer på Åsebøen i kveld. Det enda med poengdeling og 2-2. Eit svært viktig poeng for Falkeid som har rota seg opp i ein skikkeleg hengemyr og ligg like over nedrykkstreken.

– Me begynte bra og det var fortent at me tok leiinga. Så kom dei meir med i kampen og det sto og vippa til pause. Så skåra Emil Gismarvik etter berre tre minuttar av andreomgangen, og det såg bra ut for oss. Likevel blei det meir og meir Kopervik utover og dei utlikna. Ni minutt før slutt blei keeperen vår Daniel Mikkelsen utvist og då blei det mykje Hawaii-fotball av det, seier lagleiar Tor Ivar Hetland.
Mikkelsen var utanfor 16-meteren og brukte nevane og fekk eit korrekt kort.
– Viktig poeng for Falkeid dette?
– Ja, det var det, men me var gode nok til å kunne tatt med oss alle tre. Sånn er det berre, seier Hetland.
Med dette eine poenget er det framleis berre to poeng ned til nedrykkstreken, kor nettopp KIL 2 ligg.

Kampfakta

Kopervik 2 2 81)
Falkeid 2 (1)
5. div. avd. 3
Åsebøen
0-1 Joar Øvrebø (20)
1-1 Steinar Nordal (37)
1-2 Emil Gismarvik (48)
2-2 John E. Austevik (62)
Dommar: Warren Wade, Karmsund