Slik ser testmasta ut. Her blir det kanskje vindmøllepark i framtida. Naboar har ikkje levert inn klager under høyringsrunden, men bygdefolk protesterar. 
Foto: Mona Terjesen
Sverre J. Snørteland i GL Prosjektservice går gjennom papira saman med Johnny Wannberg i Tysvær kommune. Oppstart for bygginga er 10. august.

Reinskar opp i reinseanlegga

Gamle og utdaterte reinseanlegg skal bytast ut med eit nytt og topp moderne anlegg i Haugaland Næringspark.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Tidligere i sommar signerte Tysvær kommune og GL-Prosjektservice kontrakten som gjer at det blir oppstart i næringsparken 10. august. Eit heilt nytt og topp moderne anlegg skal ta imot kloakk frå Søvik i nord, via ytre del av kommunen til Førlandsfjorden og heilt fram til Gismarvik. Pris ti millionar kroner.

– Dette er eit svært viktig prosjekt for oss, som gjer at me kan avvikle dei gamle reinseanlegga i Førre og Grinde. Dei var topp moderne den gongen dei blei bygd, men tidene har forandra seg. Nå har me fått på plass hovudentreprenøren og dei startar på jobben like over ferien. Totalt blir dette eit prosjekt til omlag 30 millionar kroner, seier Johnny Wannberg i Tysvær kommune.

Bygget, som skal ligge like over kaiområdet i næringsparken, skal ha tre store silanlegg, som skal skilje ut kloakken. Det tørre restproduktet skal fraktas med bil til Toraneset Miljøanlegg, medan spillvatnet skal sleppast ut langt ute i Førresfjorden.

Miljøet

– Me har valt ein lengre vassleidning utover i fjorden enn først planlagt, for å kunne nå det området som har best resirkulering. Me har tatt vassprøvar i forkant av prosjektet og vil derfor heile tida ha god kontroll om noko endrar seg. Dette nye anlegget skal kunne ta i mot kloakk frå 15.000 personal ekvalentar, om det trengs på sikt. I dag har me fått løyve på 9.900, men det er berre trong for 7000. Det betyr at me har tatt høgde for ei bustadutvikling i kommunen, i åra som kjem, seier Wannberg.

Les meir i papirutgåva.