Det blir italienske serenader, operette og nasjonalromantikk i skumringa – konserten byrjar klokka 21 for å få rette stemninga.
Ole Morten Velde har bakgrunn frå musikklina på Skeisvang, har utdanning frå Grieg-akademiet og Det Kongelige Danske Opera Akademiet. Han har vore mykje brukt i musikal-oppsetningar, mellom anna i ei hovudrolle i Les Miserables-oppsetninga i Festiviteten og som Tony i West Side Story i Moster Amfi.
Det er få billettar tilgjengeleg til denne konserten, så Arne Myskja i bygdeutvalet anbefaler alle å sikre seg billettar på førehand. Dei blir mellom anna selde på butikkane i Nedstrand.