Anders Aukland er på veg til Sluseløpet i Skjoldastraumen.
Anders Aukland er på veg til Sluseløpet i Skjoldastraumen.

Dette er mannen å slå i år

Anders Aukland kjem til årets «Sluseløpet» i Skjoldastraumen. 6. september arrangerast det 5. løpet og då kan du måle krefter mot skistjerna og OL-vinnaren.

Det 4,5 kilometer lange løpet rundt slusene i bygda har blitt ein stor suksess. I fjor var Olaf Tufte gjest, i år langrennsløparen Anders Aukland.
– Det er ein veldig alsidig idrettsutøver, som har vist gode resultater både med joggesko og ski på beina. Han er ein som imponerer dei fleste.
Eg har jo fått høre at eg berre invitere idrettsstjerner eg vinner over, og Anders har eg faktisk stått på pallen med før. Hakket nedforbi, vel å merke, men siden han har vore litt skadda i det siste, tar eg sjansen på revansj i Skjoldastraumen. Nå må folk benytte sjansen til å få springe mot ein meister, seier Thomas Finhus, som vanleg i ei viktig rolle i «Sluseløpet».
Påmeldinga er for lengst opna.