Det er for tida stor aktivitet i og rundt Coop-bygget på Frakkagjerd. Ola S. Apeland meiner at Coop burde fått bygge i Aksdal.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er for tida stor aktivitet i og rundt Coop-bygget på Frakkagjerd. Ola S. Apeland meiner at Coop burde fått bygge i Aksdal.

Frakkagjerd kan svekke Aksdal

– Ønskjer me meir handel i Aksdal må me legge til rette for løysingar, og ein senterstruktur som legg til rette for fleire aktørar. Me treng både eit sterkt kjøpesenter, og rom for fleire og andre aktørar.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det meiner Høgre sin ordførarkandidat Ola S. Apeland, som nå fryktar at Frakkagjerd skal stikke av med fleire etableringar, som bør og må komme til Aksdal.
– Det er ei tydelig utfordring at Frakkagjerd kan bli det nye tyngdepunktet for dagligvarehandel, og at dette vil då vil svekke Aksdal sine muligheiter, som kommune- og handelssenter, seier Apeland.
Han meiner at fleire større aktørar er blitt vist vekk frå ei etablering i Aksdal, utan at det ein gong har vore politisk handsama.
– Me har alle høyrt at «Alle vil til Aksdal», men da må dei få lov. Eg kjenner til to store aktørar (Coop og Rema 1000) som ønsket tomt i Aksdal, men er blitt avvist av administrasjonen. Nå er den eine aktøren godt i gang med ei flott etablering på Frakkagjerd. Spørsmålet er kor mange fleire som vil gjere det same, før me vaknar opp og ser konsekvensane, seier Høgre-politikaren.

Les heile saka i papirutgåva