Lars Johannes Liknes har funne fram eit variert program til sundagens jazzmesse i Tysværvåg.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Johannes Liknes har funne fram eit variert program til sundagens jazzmesse i Tysværvåg.

– Klart det blir jazzmesse

Me har ikkje Sildajazz i Tysvær. Jazzmessa i Tysvær kyrkje er slett ikkje noko dårleg alternativ.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Sundag inviterer ein til den 13. jazzmessa i kyrkja i Tysværvåg. Jazz, spirituals, nye og gamle salmar i skjønn foreining. I tillegg til god musikk er også jazzmessa blitt ein møtestad for bygdefolket.
– Tradisjonen tru blir det også i år jazzmesse i Tysvær kyrkje. August er månaden for jazz i distriktet, og tråden vert teken opp med eigen vri i kyrkja. Her møtest lokale musikarar og set blå tonar til songar frå både norsk og engelsk tradisjon, seier kapellmeister Lars Johannes Liknes.
Populært
Messa har vore eit populært tiltak og mange finn vegen for å få med seg nettopp denne gudstenesta.
– Eg trur det er blandinga av fine tekstar, fengande melodiar og fellesskapet kring musikken som gjer at folk liker dette, seier kapellmeisteren.
Han har vore med på tangentar ved alle dei 12 jazzmessene som har vore, og synes det er triveleg å halde tradisjonen ved lag.
– Det er godt å få lov til å utfordre seg litt musikalsk og skape ein variasjon i kyrkjerommet, meiner han og legg til at han er heldig som har fått med seg så mange flinke og positive medspelarar på jazzmessa.

Les heile saka i papirutgåva