Klart for ny debatt

For omlag fem år sidan skreiv me på leiarplass at Aksdal By var daud.

Veka etter skreiv ordførar Harald Stakkestad og varaordførar Sigmund Lier at me tok grundig feil, og at det var nå det starta.
Vel, eg har gjømt utklippa.
For når partikollega av ordføraren, Ola S. Apeland i dag frontar nye planar for å få fart på Aksdal, minner det om meir realistiske planar, men slett ingen by. Aksdal by er daud, leve Aksdal.
For endeleg ser det ut til at ein har klart å flytte på puslebrikkene så mange gonger, at puslespelet Aksdal kan gå opp. Det kan bety fortgang i planar om både butikkar og bustadar.
På kort sikt blir den største utfordringa lagt på politikarane, og på handelsmann og ein av ASU-partnerane, Birge Nymark.
Høgre skal nå få med seg dei andre partia om å gå for ein annan måte å tenke seg eit framtidig Aksdal på. Handel på nordsida av E134, bustadar mot sør. I ein valkamp er ikkje alle like glad i «soloutspel». Likevel, det spørs om ikkje dei forslaga som nå kjem på bordet er så pass gode, at det blir feil å berre avvise dei. For det er ein vilje til å tenkje nytt. Gjere realistiske grep. Nå er det ingen luftslott å sjå i horisonten, men realistiske planar om å skape eit handelssentrum i kommunesentrum av Tysvær.
Eg tippar at det blir ei politisk einigheit om dette, at nye planar kan vere på bordet vinteren 2016/17. Då må ein finne ut om det er økonomisk gunstig å ta små, eller store skritt vidare.
Og der kjem Birge Nymark inn. Han driv i dag Meny, som går så det susar, og er ein av dei beste butikkane i kjeda. Han har kjøpt seg opp og investert i butikkar i Aksdal Senter. Målet var, og er, eit nytt kjøpesenter.
Nå må han i gang og tenke annleis. Om avtalen endar med ordlyden Høgre nå presenterar, så er det han som kan velje først om han vil etablere nytt senter på vestsida av dagens parkeringsplass. Skal han ta alt arealet sjølv, skal han invitere inn andre, og kva trur han om kommunen sine planar om å la andre matvarekjedar etablere seg i Aksdal?
Heldigvis for Nymark er han vant med at ting tar tid i Aksdal, så han har god tid til å ligge vaken å gruble på desse spørsmåla.
Responsen på denne vekas utspel frå Høgre-toppane kjem garantert til å skape ny debatt. Men samstundes er det også eit teikn på at dei som styrer i kommunen nå tar Aksdal-planane til eit nytt nivå. Om det er eit steg tilbake, til sides eller framover, får ein meine kva ein vil om.
Det som er fakta, er at om dette ikkje går, så er framtida for eit levande sentrum i Aksdal blåst så langt ut i tid at det blir feil å bruke tid og krefter på det. Dei nye planane gir mulegheiter for eit lite kjøpesenter, nye bustadar og eit sentrum for både ung og gamal. Idrett, kyrkje, handel og kultur kan gå hand i hand.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør