Av Alf-Einar Kvalavåg
Saman med Sissel Hansen Tysse og Arvid Bakken ønskjer Apeland nå å tydeleggjere at Aksdal-utviklinga er blitt ein viktig valkampsak for ordførarkandidaten og partiet.
– Det må ikkje oppfattast som at eg er imot at det skal skje noko på Frakkagjerd, men vårt fokus nå er å få til ein ny avtale med Aksdal Senterutvikling (ASU), som både kan få fart på planane i Aksdal og ikkje minst realistiske løysingar alle partar kan leve med. Difor har me tatt kontakt med ASU og lagt fram våre tre punkt og høyrt kva dei meiner. Vår oppfatning er at det var positive idear, men at dette sjølvsagt skal handsamast politisk i Tysvær, seier Apeland.
Les heile saka i papirutgåva
Kommentar frå Bjørn Apeland ASU:
– At det nå er eit ønskje om meir fart i Aksdal-planane er noko me støttar. Til nå har det berre vore uformelle samtalar om eit nytt alternativ.
Kommentar frå ordførar Harald Stakkestad:
– I utgangspunktet hadde eg tenkt at me skulle kjøre ferdig heile reguleringsplanløpet før me vurderte nye alternativ. Nå er det komme så mange motsegner under høyringa på nytt kjøpesenter, at det kanskje er rett å sjå på alternative løysingar som kan gi Aksdal-utviklinga meir fart. Difor gir eg mi støtte til det som Høgre nå legg fram, men det er viktig for meg at ASU framleis er i ei sentral rolle.