Det kjem fleire nye lærarar til Førland skule til hausten. For skulesjef Paul Tidemand Søvik har det vore ein utfordring å få på plass.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Skulesjef Paul Tidemand Søvik gir seg frå 1. september.

 Paul Tidemand Søvik gir seg som skulesjef

Skulesjef Paul Tidemand Søvik fråtrer etter eige ønske som skulesjef 1. september. Det melder Tysvær kommune på sine heimesider. Endringsutfordringar over tid, som ikkje er blitt løyst, skal vere grunnen til at han har sagt opp.

Skulesjefen har avtalt å fråtre frå 01.09.2015.

Skulesjef Paul Tidemand Søvik fråtrer etter eige ønske.

– Eg har brukt sommaren til å tenkje over dette, og komme til at det vil vere den beste løysinga, både for meg sjølv og kommunen, sier Søvik til heimesida.

Han grunngir oppseiinga med endringsutfordringar som det er arbeidd med over tid, og som ein ikkje har greidd å løyse.

Rådmann Arvid S. Vallestad seier at han forstår og har respekt for avgjerda.

Rådgjevar Eli Krokedal blir konstituert som skulesjef, og stillinga som skulesjef blir lyst ut med sikte på tilsetjing snarast mogeleg.