Embla består av: Sissel Eikeskog, Kari Askheim Liknes og Vibeke Osnes. Lars Johannes Liknes, tangentar - Gisle Molland,  kontrabass - Lars Røthe, slagverk - Roy Strømø, trompet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Embla består av: Sissel Eikeskog, Kari Askheim Liknes og Vibeke Osnes. Lars Johannes Liknes, tangentar - Gisle Molland, kontrabass - Lars Røthe, slagverk - Roy Strømø, trompet.

Lunsjkonsert på fredag: Embla først ut

Lunsjkonsertane til Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet Kulturhus har vore ein stor suksess. I morgon fredag startar me opp igjen etter sommarferien, og først ut i haust er Embla.

Av Mona Terjesen
Embla – med base på Førland, har med sine jazzinspirerte visesongar, sjarmert og imponert eit stort publikum dei siste 11 åra. I morgon kjem dei til «Tunet» for å dele nye og gamle tette harmoniar og swingande rytmar.
– Det blir fint å spele på Tysværtunet. No er det ei god stund sidan me har spelt ute. Me hadde ikkje anledning til å vere med på Sildajazzen i år, så det skal bli kjekt å opptre for publikum igjen, seier Kari Askheim Liknes i Embla.
– Kva kjem dei frammøtte til å få høyre?
– Det blir ei blanding av nye og gamle jazzlåtar, litt soul og eit par av våre eigne låtar. Me gleder oss særleg til å spele den nyaste, sjølvkomponerte låta vår «Your smile», som Morten Salvesen har skrive teksten til.
Plate på gang
Den feminine vokaltrioen med maskulin oppbakking har spelt og laga musikk saman sidan 2004, og er igjen snart plateaktuelle.
– Denne gongen lager me ei plate med utelukkande coverlåtar, bortsett frå den siste sjølvkomponerte som sjølvsagt er med. Det blir eit utval låtar frå repertoaret som me har jobba med dei siste åra. Me speler inn på Bokn, hos Wolfgang Ognøy. Han har innreia eit lite studio i kjellaren, fortel Liknes.
– Kva tid kjem plata ut?
– Me har holdt på siden april/mai og satsar på å bli ferdige i løpet av hausten. Det er ein krevjande prosess som tar ein del tid, men me koser oss. I tillegg til den vanlige besetninga har me denne gongen med oss Egil Lindanger på gitar og Roy Strømø på blås. Roy vil også vere med oss på lunsjkonserten i morgon.
Stor suksess
Konsertsamarbeidet i lunsjkantina i «Tunet», har vore ein stor suksess i heile år. Så stort oppmøte og god feedback har arrangørane fått, at dei ønskjer å fortsette.
– Lunsjkonsertane har vore ein svært stor suksess, så dei kjem me til å fortsette med utover hausten. Tenk at då Okersol hadde konsert før ferien så møtte nesten 150 publikummarar opp. Det er veldig bra. Og eg er sikker på at også Embla kjem til å trekke mange folk, seier redaktør i Tysvær Bygdeblad, Alf-Einar Kvalavåg.
Lunsjkonserten i morgon blir starten på ein travel haust for gjengen i Embla.
– Me skal som sagt gjere ferdig plata, så håper me å få til ein releasekonsert. Kva tid dette blir veit me ikkje enda. Me skal også delta på Kulturnatt i Haugesund i oktober. Etter det må me finne fram julesongane og starte på førebuinga til julekonserten på Verkstaden 20. desember. Det er noko som me gleder oss til kvart år, avsluttar Kari Askheim Liknes, som håper at så mange som mogleg finn vegen til gratis lunsjkonsert i Tysværtunet i morgon.