Det spriker i alle retningar

I dag er det 24 dagar att til lokalvalet. Lokalpolitikarane har funne ut at nå må kampen om veljarane starte.

Ikkje uventa er det ordførarkandidatane som er mest på «høgget», og som driv dei andre i partiet med seg, samstundes som dei har fått fart på valkampen også i dei andre partia.
Med ni lister, og parti å velje i, skal ein i alle fall ikkje klage på at det er snevert i det lokale politiske landskapet.
Skal ein tolke partiprogramma og innsatsen så langt i valkampen så spriker det som venta i alle retningar. I ein valkamp kor det manglar den skikkelege lokale godbiten eller valkampsaka, så blir det slik.
Det gjer det mykje vanskelegare for listekandidatane, for partia og ikkje minst for oss som skal røyste den 14. september.
Me har denne veka kopla oss på NRK sin valomat, og me anbefaler alle å teste ut denne på våre heimesider på nettet. Spørsmåla var gode og relevante for oss, og det kan gi kvar enkelt av oss eit svar på kor me står politisk.
Rett nok er det ein del som ikkje klarer å svare seg 100 prosent inn på sitt parti, men ei slags vegleiing er det.
I eit land, og i ein kommune, kor me nå står framfor ein del svært viktige og utfordrande oppgåver dei neste åra, så blir årets lokalvalkamp også meir prega av sentrale utfordringar, enn det som kanskje er vanleg. Utfordringa i den oljebaserte industrien og masseoppseiingane der, vil sjølvsagt påverke Tysvær. Nå eller i nær framtid. Det er utfordringar knytt til langt meir enn å ha eit arbeid å gå til. Ringverknadane knytt til denne næringa er vanskelege å skjøne omfanget av på Haugalandet. Me har vore med på oljeeventyret 100 prosent. Å tru at me slepp unna nedturen som nå er, er naivt.
Andre meir sentrale utfordringar ligg knytt til eigedomskatt og kommunereforma. I tillegg skal Noreg ta imot eit stort tal med flyktningar. Korleis er me budde på desse utfordringane.
I ein valkamp kor kunstgrasbanar og levande bygder dominerer blir desse større utfordringane blylodd for ein lokal listekandidat.
Me ønskjer lykke til i valkampen og i jobben som skal gjerast for å få innbyggjarane i Tysvær til å forstå kva som er det rette for kommunen vår dei neste åra.
Det er formidable utfordringar me kanskje ikkje i like stor grad som før får vere med på å bestemme. Då er det svært viktig å vere føre var. Vere tydelege på kva me vil, kva utvikling me vil ha og ikkje minst kva tenester me ønskjer i vår kommune. Seier ikkje me i frå, vil garantert andre ta styringa over den utviklinga som vil komme.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør