Kommentar til «Utvikling i Aksdal»

Det har vore innlegg og store tankar om Aksdal. Eg var på møte i Aksdal for snart 10 år sidan. Der la Snøhetta fram planar for utbygging saman med Aksdal Senterutvikling, ASU.

Det såg for meg ut som eit luftslott.
Eg tenkte at dette kan ikkje realiserast utan det står ein stor investor bak.
I planen var det mellom anna: Bru over hovudvegen på størrelse 3,5 dekar, flytte bensinstasjonen, senka europavegen, stort kjøpesenter og «Italiensk landsby» ned til vatnet.
Det er kontrakt mellom kommunen og ASU som er bindande. For ei tid tilbake var saka oppe i formannskapet, der det blei fleirtal for at ASU skulle ha hand om området vidare framover.
Det var berre Senterpartiet som stemde imot.
Nå har ASU bandlagt området i snart 10 år, det har også Høgre stemt for. Eg lika ikkje at Ola S .Apeland skuvar administrasjonen føre seg, det er politisk vedtak på at ASU har hand om området, og administrasjonen må retta seg etter det som er vedteke politisk.
Hadde kontrakten vore oppheva, kunne det vore aktørar som ville starta opp handel eller liknande.
På Frakkagjerd hadde dei ikkje så store planar, dei kjøpte og nå byggjer dei, så enkelt kan det gjerast.
Det eg ikkje veit er kva planane har kosta kommunen og kva utgifter som er med i kontrakt med ASU.

Odd Harald Kvam, Nedstrand.