Av Alf-Einar Kvalavåg
Øystein Sunde opnar den innhaldsrike kulturhausten i Tysværtunet med konsert 11. september. Og at det er i eit kulturhus meiner den både munnrappe og fingerrappe gitarveteranen, er eit pluss.
– Ein kan godt seie eg har spelt meg ut av gamle, slitte danselokale og inn i kulturhusa. Det set eg stor pris på. Eg har hatt mine år med pilsglasklirring og spel til akkompagnement av slitt porselen på diverse lokale. Så det å komme til kulturhus på Haugalandet ser eg fram til. Der har eg mange kjente gjennom mange år som artist, seier Sunde som har nytt materiale på gang.
Hits
Sunde har dei siste åra dukka opp med ujamne mellomrom både på revy og pop/rock/visescenen. Det blir stadig vanskelegare å sette i bås. Men ting er som før. Det går fort og det er moro. Mange går på konsertane for å høyre gitarspelet, andre for å le av tekstane, som tar opp det mest underfundige som tenkast kan.
– Slik blir det så lenge fingrane vil halde farten oppe. Stadig dukkar det opp nye idear til tekstar, og dei kan nyttast til litt av kvart. Det å reise rundt med bandet og spele ei blanding av dei nye songane, og å mimre med det gode gamle, set eg stor pris på, seier Sunde.
– Og det betyr «Kjekt å ha»?
– Det betyr at eg kjenner litt på publikum og vel litt ut frå det. «Kjekt å ha» er kjekk å ha på lur, for å seie det slik. Eg merkar at mange har sine favorittar og slik blir det når ein har spelt og gitt ut plater i snart 50 år. Det ser ut til at me alltid finn fram til songar som er kjekke, for det har vore stor stemning, seier Sunde som er ute på ein lengre turné, når han gjestar Aksdal.
Les heile saka i papirutgåva