Siv Jorunn Ullvang, Gunn-Marit Lygre, Per Kåre Foss, Kristine Aurdal, Solveig Ege Tengesdal, Gunnar Stakkestad og Borghild Yrkje i næringsparken.
Siv Jorunn Ullvang, Gunn-Marit Lygre, Per Kåre Foss, Kristine Aurdal, Solveig Ege Tengesdal, Gunnar Stakkestad og Borghild Yrkje i næringsparken.

Lange linjer i her og nå perspektiv

Samfunnsutvikling og politikk må ha både bredde, djubde og lengdeperspektiv for å være robust nok for framtida. Det er spennande å sjå korleis ein av grunnlaggjarane av næringsparken, tidlegare ordførar Borghild Yrkje, saman med dagens varaordførar og ordførarkandidat, Kristine Aurdal, er med å viderefører Tysvær si satsing på næringsutvikling.

Fredag 14. august tok Næringsparken på Gismarvik ved Gunnar Stakkestad, og Tysvær KrF i mot besøk av fylkesordførarkandidat for KrF; Solveig Ege Tengesdal, og dei ti fremste listekandidatane til fylkesvalet 2015. Det er svært interessant å sjå korleis tilrettelegging på lang sikt gir effektive logistikkløysingar knytta til kombinasjonen av vei, sjø og luft. Næringsparken har miljøfokus og tilbyr fleksible løysingar for mellom anna energi. Det er grunn til å vera glad for det ein har lagt til rette for, samstundes som ein arbeidar målretta videre med interessentar og samarbeid mellom kommunane. Framtidig infrastrukturløysingar og transportkorridorar gjer at dette området har stort potensial i nær framtid. Kommunen sjølv har høve til å utvlike område på ein attraktiv måte for busetnad og oppvekst. Fylkespolitikarane vart gjort kjent med mulighetene til dette området, og nokre av dei utfordringar som ligg føre.

Det vart også formidla behov for nytenking rundt Kolombus sine ruter, og ein aktiv bruk av Mjåsund bussterminal også for Kolombus.

Listekandidatane til Rogaland KrF var rundt i 24 av 26 kommunar i slutten av forrige veke, for å sjå, lytte og lære slik at ein får best mogleg utgangspunkt for samarleid mellom kommune og fylke. Typiske tema rundt om er samferdsel, transportkorridorar, trafikk tryggleik, rassikring, næringsutvikling, skule- og kompetansebygging, helsetenester og samarbeid mellom ulike nivå.

Top-ti Haugalendingar på KrF fylkestingsliste; Gunn-Marit Lygre (Tysvær) nr. 4, Svanhild Løge Skålheim (Suldal) nr. 6 og Gustav Løge Fosse (Vindafjord) nr. 7.

Innsendt av Krf, Tysvær