Anders Nyvoll hadde mange tøffe tak mot Christian Kvalheim, Even Ersland og Joss Nhamloet (bak). Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anders Nyvoll skåra tre mål på ni minutt mot ferkingstad 2 i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Langt steg i rett retning

Sist Stegaberg 2 møtte Tiger frå Stord vann tigrane 7-2. I dag hadde dei blåkledde frå Frakkagjerd gjort heimeleksa si. Det blei tap, men innsatsen og 1-2 er til å leve med.

Det såg først skikkeleg bra ut då Anders Nyvoll mot spelet gang sendte heimelaget i leiinga før kvarteret var gått. Fart og løp i bakrom var tydeligvis ikkje noko gjestane sette stor pris på. Ei tvilsam avblåsing på Torbjørn Stensland og ein like tvilsam avslutning litt seinare frå same mann, kunne auka leiinga.
Dessverre for heimelaget fekk Tiger utteljing for finspelet sitt. Joss Nhamloet ordna 1-1, før Jørna Vørøs avgjorde kampen på eit langskott.
I andre omgang blei det ein stillingskrig mellom to trøtte lag. Tiger var best, men Stegaberg 2 jobbe mykje meir samla enn det me har sett før i år.
Det var eit langt steg mot nivået til dei beste laga, sjølv etter ein litt tynn start på kampen. Rett nok var det då dei skåra, men hadde gjestane vore litt meir effektive første halvtimen, kunne det blitt stygt.

Andre resultat:
Bømlo – Avaldsnes 2 7-1
Ferkingstad 2 – vats94/Skjoldar 2 0

Tiger er på topp av tabellen, Nedstrand nummer fem og Stegaberg 2 nummer seks

Stega 2 – Tiger

Stegaberg 2 1 (1)
Tiger 2 (2)
7. div. avd. 4
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Anders Nyvoll (14)
1-1 Joss Nhamloet (23)
1-2 Jonas Vørøs (33)
Dommar: Bent A. Ingebrigtsen, Djerv 1919
Tislkodarar: Dei faste