Mange hadde møtt opp då kommuneplannemda tysdag skulle ha ei orienteringssak om Padlane Aust. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Mange hadde møtt opp då kommuneplannemda tysdag skulle ha ei orienteringssak om Padlane Aust.

Stor interesse for Padlane

Mange hadde møtt opp då kommuneplannemda tysdag skulle ha ei orienteringssak om Padlane Aust. Så blir spørsmålet om så mange vil busette seg der.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det blei ingen vanleg orienteringssak då Padlane Aust eller 2, om ein vil, hadde ein ny politisk runde. Ordlyden var krass, og det blei fleire gonger hakka rimeleg hardt på rådmann Arvid Vallestad for eit slett arbeid og for eit forsøk på skjult agenda.
– Eg skjønar ikkje kvifor rådmannen ikkje har gjort eit betre arbeid i denne saka, og tatt med grunneigar Geir Egil Skrunes for å få fart på det heile. Her må det ligge ein skjult agenda bak. Nå må me komme i gang med dette bustadprosjektet, og slutte og tru at me sitt med eit område me kan utsette og forandre på i årevis. Eg fryktar om me nå ikkje tar grep, og det raskt, så skjer det ikkje noko på Padlane. Kva har kommunen vunne med det, og kva forvaltning er det av verdiane me har i kommunen, sa Arvid Stokkenes (H).
Reglane
Ein tydeleg provosert rådmann minna forsamlinga om at kommunen er nøydt til å følgje dei lovar og reglar som er. Han gjekk likevel delvis med på at noko av prosessen kanskje ikkje hadde vore makismalt god, men gjekk hardt ut mot påstandane om at han har ein eigen agenda for Førland-bygda.
– Me kan ikkje selje eit slikt areal utan å finne ut kva som er marknadspris. Det har me nå bede om at Meglarhuset Solveig Hansen skal finne ut for oss. Det er satt av makismalt seks månadar til den jobben for å finne kjøparar som vil syne kva som er marknadsprisen. Slik er det og slik må det vere. Me kan ikkje stå rakrygga etterpå og sjå at det eventuelt er andre som er interessert i å kjøpe seg inn i dette prosjektet, sa Vallestad.
Konklusjonen
Det var lite «nytt» som kom fram i debatten som oppsto. Det som blei konklusjonen er at ein raskast muleg skal få ein oversikt frå Solveig Hansen om kva som er ein realistisk marknadspris. Så blei det gjort eit samrøysta vedtak om at saka kjem opp politisk i formannskapet 13. oktober, og som sak i kommunestyret 14 dagar seinare.

Les heile saka i papirutgåva