Vemund Eskevik er ustoppeleg i jakta på Tønnesen-rekorden på 36 seriemål. I kveld blei det tre nye og han har 26 mål. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Vemund Eskevik har skåra mot etne, sjølv om det går mot stortap. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg slo hardt tilbake

Stegaberg og Vemund Eskevik slo kraftig tilbake etter at Vedavåg 2 ikkje stilte til kamp, og gav Sauda gratispoeng.

– Sinnsykt «deilig» å knusa det Vedavåg-laget etter at dei gav vekk gratispoeng til Sauda sist. I tillegg så komme jo hattricket svært godt med i jakten på 36-målsrekorden til Dag Frode (Tønnesen), seier Vemund Eskevik.
– Kva lag hadde dei?
– Bra offensivt, litt dårlegere defensivt.

Dermed er Stegaberg tilbake på toppen av 5. divisjonstabellen.
Øvrige målskårarar for Stegaberg var Erik Frøyland 2 og Vegard Sternhoff.