– Me er nok litt skuffa over at me ikkje fekk igjen for det gode spelet vårt, men me sto og stanga mot eit godt forsvar. Kjekt med slike jamne og gode kampar, kor alle legg litt ekstra i innsatsen, sa Asheim.
Nesten
For den andre målskåraren var det først ein skikkeleg opptur, før han bittert måtte erkjenne at beina ikkje ville stokke seg.
– Eg fekk ein kjempesjanse aleine med keeper, men fekk ikkje balanse i det eg skulle avslutte. Kjipt, for den var svær. Dei speler og speler, medan me har eit par kontringar somme burde utnytta betre. Ein god kamp mellom to ivrige lag, med sjansar, godt spel og topp innsats.
Kjekt
Kampen mellom Nedstrand og Stega 2 blei akkurat slik ein kunne håpe på. Innsatsen og vinnarvilja var på plass. Kampen blei leia av Petter Mortveit, Skjold, og han fekk ein roleg kveld på jobben.
– For oss er det kjekt å sjå at det fungerar spelemessig. Me slit med å skape dei store sjansane, men i dag var me gode på daudballar og skapte litt der. Eg meiner me burde avgjort dette, men slik er nå ein gong lokaloppgjer, seier Nedstrand-trenar Leiv Askvig.
– Kjekk kamp og eg er einig i at dei hadde ballen mykje og hadde spelet. Men me gjekk for siger og eg ser at me blir betre og betre for kvar kamp. Trur begeg laga i dag stilte med toppa mannskap. Det såg me på spelet som tidvis var svært bra, seier Stega 2-trenar Joachim Kvalavåg.
Meir om kampen og fleire kommentarar i papiravisa.
Nedstrand – Stegaberg 2
Nedstrand 1 (0)
Stega 2 1 (1)
7. div. avd. 4
Nedstrand stadion
0-1 Anders Nyvoll (12)
1-1 Tom Asheim (65)
Dommar: Petter Mortveit, Skjold
Tilskodarar: 80