Dag Frode Tønnesen og Espen Sørenes. I morgon møtast dei igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen og Espen Sørenes. I morgon møtast dei igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kan Falkeid stoppe Stegaberg?

I kveld klokka 18 møtast Stegaberg og Falkeid på Frakkagjerd. Heimelaget jagar opprykk, medan gjestane kjemar om å unngå nedrykk. Likevel er det alltid heilt opent når dei to laga møtast.

Korleis ligg det ann i Stegaberg, trenar Thormod Ness?
– Alltid litt usikkert kven som kan vere med og ikkje. Eg får telje opp etter treninga torsdag kveld.
Korleis ligg det ann i Falkeid, trenar Eivind Eidhammer?
– Me har trena godt den siste tida og skal ver godt førbudde til kampen. Troppen blir slik som mot Sauda pluss nykommar Fred Grov, frå Trott. Er einig i at lokaloppgjer alltid er heilt opne.

I tillegg til jakta på poeng held Vemund Eskevik i Stegaberg på og jaktar klubbrekorden til Dag Frode Tønnesen på 36 seriemål i ein sesong. Han manglar ti og ser gjerne at det minkar etter morgondagens kamp.
Det er alltid gratis å gå på kamp på Frakkagjerd. Møt opp og lag ei fin ramme rundt lokaloppgjeret i 5. divisjon.