I fjor var det Olaf Tufte som var «kjendisen» i Sluseløpet. I år kjem langrennsløparen Anders Aukland.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
I fjor var det Olaf Tufte som var «kjendisen» i Sluseløpet. I år kjem langrennsløparen Anders Aukland.

Sundag kan du slå Anders Aukland

Sluseløpet har rekordforhåndspåmelding og fint vêr i sikte. Ikkje rart dei gleder seg til sundag.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Sluseløpet i Skjoldastraumen har vore ein suksess frå dag ein. Nå er det 5. gongen ein kan måle krefter, både med seg sjølv og mot ein kjendis.

Me er svært godt nøgde med at det er Anders Aukland som kjem i år

– Me er svært godt nøgde med at det er Anders Aukland som kjem i år. Han er kjend frå både langrenn og friidrett. Han har vore litt skada i sommar, men lover å gi lokale mosjonistar, og andre, god kamp i rundløypa vår, seier Thomas Finshus.
Det handlar om 4,5 kilometer i eit åttetal rundt slusa i bygda. Bjørkebakken er blitt ein snakkis, men ser ein vekk frå den, ei heilt grei løype dei aller fleste tar lett.
– Det som er unikt hos oss er at dei som ser på og heiar kan følgje løparane nesten heile vegen rundt. Halvvegs er dei tilbake til start og ein kan heie ekstra på sine favorittar, forklarer Finshus.
Fest
Sluseløpet skal vere ein festdag for dei joggande og deira supporterar. I tillegg til den aktive klassen er det trimklasse og barneløp.
– Barneløpet på 600 meter er blitt eit show. Der er det full gass frå start til mål. Ingen tvil om at me har treft denne målgruppa. Dei som vil trimme kan velje mellom heile runden eller den halve. Det viktigaste er at folk er i aktivitet, seier Thomas Finshus, som garantert blir å finne i den lengste løypa.
– Kven kjem?
– Det er litt vanskeleg å seie, men eg har trena saman med HIL den siste tida, og dei håper å kunne komme innover. Marina Nordvik som har vunne tre av dei fire første løpa har sagt at ho vil komme. Ho fekk nettopp ein unge, så det var litt overraskande for oss. Det er påmelding heilt fram til løpet startar, så me håper det dukkar opp nokre overraskingar, seier Finshus.