Gratulerer, Arne VAlen. Thorhild Widvey hadde med seg 750.000 kroner til friviilig arbeid gjennom Kirkens Bymisjon på Haugalandet. Sveinung Stensland, Ingvar Frøyland, Randi rettedal og Ola S. Apeland var også med på seansen på hjørne av Aksdal Senter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gratulerer, Arne Valen. Thorhild Widvey hadde med seg 750.000 kroner til friviilig arbeid gjennom Kirkens Bymisjon på Haugalandet. Sveinung Stensland, Ingvar Frøyland, Randi Rettedal og Ola S. Apeland var også med på seansen på hjørne av Aksdal Senter. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Hadde med seg 750.000 kroner

Thorhild Widvey klarte det svært få andre klarar, å gjere Arne Valen i Kirkens Bymisjon, mållaus. Han hadde søkt om midlar som skal gjere det lettare å få inkludere alle som vil vere med på aktivitetar. – Fantastisk for oss og for det friviljuge arbeidet, takka Valen då kulturministeren fortalte at dei hadde fått 750.000 i støtte.

Det var kanskje heilt i Valen og Kirkens Bymisjons ande at det heile skjedde uformelt og på hjørne av Aksdal Senter. I strålande sol og nordavind fekk Valen både fortalt lokalpolitikarar og statsråden kor viktig arbeidet med å inkludere er.
– Dette er midlar me skal nytte over heile distriktet vårt, kor Tysvær er ein svært viktig del av arbeidet vårt. Frivillilligsentralen her gjer ein stor jobb, og saman med kulturkontoret og lag og foreiningar, skal desse pengane gi mange mulegheiter. Allereie nå ha me eit «los-prosjekt» kor 25 losar skal lose 100 barn og unge inn på det tilbodet som er. Desse pengane gjer at dette arbeidet får dei rette rammene, sa Valen.
Frivillig arbeid er svært godt utvikla i Noreg. Det ser me over alt, og det ser me på dei søknadane som kom inn, då regjeringa skulle dele ut 13 millionar nå i sommar. Me veit at det jobbast godt med å integrere, men me veit det framleis er mange som står utanfor. Vårt mål er at alle som vil skal ha eit tilbod, uansett om ein er rik eller fattig, seier Widvey.

Meir om kva pengane skal går til papiravisa på torsdag.