Skjold-keeper Rune Lindanger i aksjon mot Sunde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjold-keeper Rune Lindanger i aksjon mot Sunde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Her er Skjold sin «nye» keeper

Det mest spanande før kampen mot Sunde i kveld? Kven skulle stå i mål. Svaret var ein midtbanespelar med rester av kyssesjuka.

Rune Lindanger hadde to treningar, men mykje rutine bak seg då han tok på seg keeperdrakta i kampen mot Sunde. 90 minuttar seinare kunne han slå fast at det hadde vore ein roleg dag på jobben.
– Me hadde full kontroll. Forsvaret gjorde ein kjempejobb og det var lite å henge fingrane i. Eg fekk eit par treningar sist veke og var klar til kamp. det har vore ein trist sesong med mykje sjukdom, som gjer at dette er det eg orkar akkurat nå. Kjenner det faktisk etter å ha «stått» bak der i 90 minuttar, smilar Lindanger.
– Kva tid ser me deg på banen igjen i gult?
– Eg skal vere kjempeglad om eg orkar eit par innhopp i dei siste kampane. Det har rett og slett ikkje ville sleppe. Triste greier. Men keeperreserve er jo eit alternativ, smilte Lindanger, som gjorde sine saker svært bra dei gongene han måtte gripe inn.

Kor mange poeng det blei i keeperdebuten kan du lese i papiravisa på torsdag.