Vegard Steinsland (t.h.) jobba og sleit. I kveld blei det to mål på kraftspissen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vegard Steinsland (t.h.) jobba og sleit. I kveld blei det to mål på kraftspissen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sterk Skjold-siger

Skjold hadde mykje å revansjere frå 0-3 mot Sunde i vår. I kveld blei det motsatt. Heimelaget var best i alt og vann fortent 3-0.

Vegard Steinsland skåra to mål og måtte etter 3-0-skåringa gi seg for dagen med ein smell i foten.
Er berre ein overtråkk så det går bra. Var herleg å skåre nokre mål igjen. Når ein er spiss er det mål ein blir mål etter. Me fekk det svært lett i dag, mot eit uinspirert Sunde-lag, seier Steinsland.
– Ujamn kamp frå begge lag?
– Ja, dette var ikkje bra, men me hadde ein god periode i 1. omgang kor me avgjorde det med to kjappe mål. Først Sander (Hettervik), så meg. Då var me gode og ballen rulla fort frå mann til mann. I andreomgang virka det som om begge lag synast det var nok for i dag. det blei ein transportetappe inn til tre poeng. Herleg seier på ein sånn middels dag, smiler spissen.
Då var me gode og ballen rulla fort frå mann til mann
Bra i 20 minutt
Skjold punkterte eigentleg kampen med to skåringar på tre minutt. Derfrå og inn såg gjestane slite ut. Etter kvart hengte heimelaget seg på og fleire av spelarane gjorde det vanskeleg både for seg sjølv og for medspelarane. Likevel var det ein skikkeleg revansje frå kampen i sør-fylket tidlegare i år.
Fredag er det bortekamp mot Skudenes for Skjold.

Spelarbørs i avisa på torsdag

Skjold – Sunde

Skjold 3 (2)
Sunde 0 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Sander Hettervik (33)
2-0 Vegard Steinsland (36)
3-0 Vegard Steinsland (67)
Dommar: Roy Pedersen, Torvastad
Tilskodarar: 35