14. september

Så er valdagen berre timar unna. Kampen om Tysvær er snart slutt og kampen for Tysvær kan ta til.

Tysvær Bygdeblad har satt av stor plass til ivrige listekandidatar også denne gongen. Vårt mål har vore å stille spørsmål, sleppe til svar og gitt våre lesarar ein mulegheit til å vere oppdatert.
Me har prøvd å provosere fram svar på saker politikarane ikkje vil snakke om. Det er ikkje lett. Det viktigaste har likevel vore å sleppe til alle parti, store som små. Nokon parti har vore ivrige, andre ikkje.
Me følgjer opp valdagen med liveoppdateringar frå rådhuset heilt fram til alle valresultat er kjent. Me lovar å vere der for deg som har stemt, slik at du blir den første som får vite korleis det politiske Tysvær skal sjå ut dei neste fire åra.
Mange har ei meining om kven som skal bli Tysvær sin neste ordførar. Harald Stakkestad takkar for seg, og ein ny kjem til å overta.
Me tippar at det blir Sigmund Lier frå AP. Ola S. Apeland kan ikkje ta igjen sin argaste konkurrent, trur me.
Tysvær Bygdeblad er politisk nøytral og me kjem neppe til å ete marsipankake uansett kven som blir vinnarar på måndag. Men me bryr oss, og kan slå fast etter ein lang valkamp at både Lier og hans konkurrent, Apeland begge er gode kandidatar. Likevel er det veljarane i Tysvær som bestemmer.
Og i år må fleire enn 62 prosent møte opp. Det er eit pinleg tal for Tysvær og for demokratiet. Det talet står fram i grell kontrast til dei krav og forventningar me har til demokratiet vårt. På måndag er det berre eit alternativ som gjeld, og det er å finne fram valkort og legitimasjon, og sette kursen for vallokalet.
Samstundes skal det bli spanande å sjå om Harald Stakkestad kjem inn på fylkestinget. Han er motivert til fire år med arbeid innan samferdsle. Me trur han klarer det, og det skal bli spennande å sjå om tysværbuen vil ha han eller dei to-tre andre kandidatane frå Tysvær inn på «tinget».
Me håper at våre papirutgåver og vår nettside har vore til hjelp i valkampen. Fram til valdagen blir det oppdateringar dagleg om siste nytt. Fredag slepp me også dei to største ordførarfavorittane sine helsingar til veljarane på våre Facebook-sider. Levande bilete skal snart bli ein del av totalpakken i Tysvær Bygdeblad. Er du ikkje ein av oss der, klikk deg inn allereie i kveld.
For me vil at i Tysvær skal det berre vere eit val: Tysvær Bygdeblad.

Godt val, alle saman.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør