Av Mona Terjesen
– Det økonomiske fundamentet til Tveit er ikkje blitt betre. Korleis skal dei klare å takle dei framtidige investeringane som dei planlegg? Det burde vore ei arbeidsgruppe som fann utav korleis dei skal klare dette på lang sikt. Trass i at me alle er einige om at Tveit er utruleg viktig og me gjerne vil hjelpe, så er det tross alt ikkje kommunen si oppgåve. Me kan ikkje fortsette å spytte inn pengar for at skulen skal overleve. Ein må finne ei løysning, så dei kan stå på eigne bein, fastslo Aasmund Austerheim (SP) frå talarstolen.
– Det er sant at Tysvær kommune ikkje driv Tveit. Men skal skulen tene pengar så treng dei elevar. Derfor er det utruleg viktig at me bidrar og framsnakkar skulen. Særleg opp mot fylket, kommenterte Sigmund Lier (AP).
Les heile saka i papiravisa.