Historisk torsdag for Bygdebladet. 60 sider med papiravis.
Tysvær Bygdeblad har hjemmekontor.

Historisk torsdag for Bygdebladet

Det skulle ta 40 år å nå 60 sider, men i dag set me ny Bygdeblad-rekord på papir. Avis nummer 33 er proppende full av valstoff, sport og nyhende. I tillegg et fyldig Bygg & Bu magasin…

– Det har ikkje vore eit mål i seg sjølv å nå 60 sider, men kjekt at me har kapasitet til å gjere dette når tida nå var moden. Valstoffet har tatt mykje plass, men for mange av våre leserar er dette den staden dei får si oppdatering. I tillegg var det sist helg både Stegacup, joggedag og Sluseløp, slik at sporten også har fått god plass denne veka, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.
Denne veka får leserane på papir sjå vår meiningsmåling før valet, sjå kven me trur får plass i det nye kommunestyret og kan kose segt med meldinga av Espen Eriksen Trio si ny plate. Pluss mykje meir.
I Bygg & Bu kan ein lese om både lokale verksemder, interiørnytt og om spanande byggeprosjekt som er i startgropa.

Løp og kjøp, eller last ned her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/