Øystein Sunde spelte i Tysværtunet i kveld. Det blei betre og betre utover i konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Øystein Sunde spelte i Tysværtunet. Det blei betre og betre utover i konserten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nokså «Kjekt å ha» vore på

Øystein Sunde trengte litt tid på å komme i gang i Tysværtunet. Tidsvis var høgdepunkta, preiket mellom låtene. Grunnen? Store forventninger i salen på å få høyre gamle hits. Dei var det litt for langt i mellom.

Øystein Sunde er stilsikker, noko også bandet «Meget i sløyd» tidvis var. Litt forsiktig den første halve timen, før dei torde å ta litt meir til publikums tydlege glede.
På vei ut var det likevel ein ting som gjekk igjen i praten mellom dei 230 frammøtte. – For lite av det beste, som dei sa det.
Likevel viste Sunde kor dyktig han er i sjangeren gitarspel og morosame tekstar. Tekstar med ein solid dose alvor mellom linjene. Mellom songane bygde han opp forventningane med morosame forteljingar, noko latteren i salen bar preg av at klarte.
Men det blei litt på krabbegir likevel, om ein kan bruke eit slikt uttrykk om ein artist, som har levert fingerrappt gitarspel i årtider.
Ein norsk versjon av Johnny B. Good fekk fram kveldens beste gitarsolo, og høgaste applaus. «Måkkekommeherogkommeher» og ein av dei folket ville ha«Skal det være noe meir før vi stenger» fekk opp tempen i salen. Likevel blei det noko «avspist» då dei heile, etter ekstranummeret, blei runda av med berre eit vers av, kanskje den dei aller fleste ville ha, «Kjekt å ha».
Totalt sett ein kjekk kveld, litt på autopilot, men for all del kjekt å ha vore på.
Øystein Sunde speler i Haugesund i morgon kveld.

Konsert

Øystein Sunde
Meget i Sløyd
Tysværtunet
230 frammøtte
Litt gamalt og litt nytt, i spedd god humor.