Tor Olav Gregersen (bak t.v.) og Magne Aarsteinsen kom inn som nummer 8. og 7. i Tysværrittet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tor Olav Gregersen (bak t.v.) og Magne Aarsteinsen kom inn som nummer 8. og 7. i Tysværrittet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Aarsteinsen nummer sju, då Skår sette løyperkord

Magne Aarsteinsen spurta inn til ein sterk 7. plass under Tysværruttet. Vinnar Knut Skår sette ny løyperekord med tida 1.43,40 timar. I eit fantastisk vêr møtte 162 syklistar til start.

Aarsteinsen som har budd ein del år i sør-fylket har nå flytta heim igjen til Førland og til CK Haugaland. På heimebane kom han ikkje med i tetkvartetten, som stakk med ein gong.
– Litt bittert at me ikkje klarte å hente dei. Var ikkje langt bak i Svinalidbakkane, men kom aldri heilt opp. Eg rulla inn på ein 7. plass saman med gruppe to, seier 22-åringen.
Der satt også Tor Olav Gregersen. Han blei sett på som ein av favorittane, men måtte som lagkameraten sjå fire mann stikke.
– Enig i at det var bittert, men det skjedde fort og då dei kom unna var det nesten for seint. Sånn er det berre, seier Gregersen.

Herleg
Knut Skår frå Nærbø frykta mest Amund Dyrnes frå Sandnes, og dei to kom saman mot siste sving.
– Eg hadde fått eit tips om kor eg måtte ligge i siste svingen. Det trefte eg perfekt med og er strålande nøgd med sigeren. I dag var det herleg å sykle, med sol og god medvind dei siste kilometrane. Dette var heilt topp, smiler Skår som har vore med i tysværrittet ei rekjkje gonger og har fleire topplasseringar å sjå tilbake på.

Knut Skår, Nærbø

Knut Skår, Nærbø

Meir om rittet i papiravisa på torsdag