Jane Waage på veg inn i vallokalet saman med jentene sine. Mariell (t.v.) og Anine. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jane Waage på veg inn i vallokalet saman med jentene sine. Mariell (t.v.) og Anine. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Barn og eldre betyr mykje

Jane Waage hadde tatt med småjentene sine til vallokalet på Frakkagjerd. – Vanskeleg å vite heilt kva ein skal velje. Eg har tatt valtestar på nett og er svært opptatt av barn og eldre sine rettigheiter. Viktigaste er å stemme, seier Waage.

Det var kø i døra då Tysvær Bygdeblad klokka 11.30 besøkte vallokalet på Frakkagjerd. I køen skilte dei to rosakledde småjentene seg ut. Mamma Jane var klar til å gjere si borgarplikt.
– Eg har leita etter parti som vil satse på barnehagar, skule og eldreomsorg. Var ikkje lett å finne ut kva eg skulle lande på, men nå har eg nå klart det. Eg kjem frå sør-fylket, men har budd her i 6,5 år nå, og begynner å bli tysværbu. Ungane mine skal gå på Førre skule, så det var også noko eg leita etter valsaker om. Viktig å stemme uansett, meiner eg, seier Waage.

Vallokala er opne til klokka 20.00.