Mona Terjesen og Alf-Einar Kvalavåg dekke lokalvalet i Tysvær. 30.000 visninger i løpet av eit døgn er rekord for Bygdebladet.
Mona Terjesen og Alf-Einar Kvalavåg dekke lokalvalet i Tysvær. 30.000 visninger i løpet av eit døgn er rekord for Bygdebladet.

Eventyrlege tal for Bygdebladet på nett

Over 30.000 gonger klikka folk seg inn på Bygdebladet sine nettsider på valdagen. – Det tok fullstendig av, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Av Mona Terjesen

– Etter ein start der over 60 lokalaviser i Noreg var utan nett, kom me sterkt tilbake. Over 30.000 sidevisningar i løpet av eitt døgn – er heilt utruleg for ei lokal nettavis, kommenterer ein nøgd redaktør.
Tysvær Bygdeblad er på veg inn i ei tid, der videoklipp og meir satsing på nett blir gjeldande. Gode resultat i «testperioden» er ekstra kjekt, poengterer Kvalavåg.
– Dette var første gongen me brukte ressursar på å teste ut film som ein del av tilbodet på nett. Det fungerte, sjølv om me skal vere dei første til å innrømme, at me framleis berre er i testfasen. Å få både tall, tekst og film viste seg å vere noko folket ville ha.

Dette var første gongen me brukte ressursar på å teste ut film som ein del av tilbodet på nett

– Vil nettsatsinga gå utover papirutgåva?
– Me satsar 100 prosent på vår papiravis. Det kjem me til å gjere også i framtida. Me har det siste året tatt nokre grep på nett, spesielt innan dei områda der nettet er ein naturleg kanal for oppdateringar. Det gjeld politinotisar, sport og kultur.

Tidleg ute
– Er du overraska over den store oppslutninga?
– Me har ikkje hatt noko som liknar på denne satsinga tidlegare. Me hadde flytta kontoret til rådhuset, og var på ein måte på bortebane. Så blei det svart på nett og me fekk verkeleg kjenne på korleis det er å ha nettavis. Likevel venta folk, og då alt virka så hadde me stor trafikk gjennom både kvelden og natta. Me var først ute med både tal og oversikt over det nye kommunestyret. Det visar at også småavisene kan om ein berre er førebudd nok.

Neste mål?
– Det er heilt klart å nå 100.000 sidevisningar i løpet av ein månad. Me ligg framføre skjema nå og gjennom vår Facebook-satsing har me nå nær 5.000 som får melding om oppdateringar via si Facebook-side, avsluttar Kvalavåg.