– Skål for dei nye kvilebenkane, seier Tove Høgemark. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Skål for dei nye kvilebenkane, seier Tove Høgemark. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 6
Skjermbilde 2015-09-17 kl. 08.22.08
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2015-09-17 kl. 08.22.17
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2015-09-17 kl. 08.22.24
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2015-09-17 kl. 08.22.32
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2015-09-17 kl. 08.22.39
Bilde 6 av 6

Skål for å vere i mål

LHL har fått Ekstra-midlar til å sette ut benker i turløypa rundt Bongsatjørna. Laurdag var det offisiell opning vel verdt ein skål.
Her er bilete frå opninga.

Av Alf-Einar Kvalavåg
For eldsjel Tove Høgemark var det ein stor dag. Ho veit kor mykje ein kvilebenk har å seie for svært mange av turgåarane. Og dei er det mange av.
– Det er ein stor dag for heile LHL dette. Tusen takk til alle som har vore med å få dette til. Takk til kommunen som stiller opp og til friviljuge som har vore med. Også ein stor takk til alle dei som nyttar seg av dette flotte turtilbodet me har her i Aksdal, sa Høgemark før ho fann fram både raudt band og sjampis.
– Dette skal også Kjell Olav Fausk ha si del av æra for, så om du set deg her med saksa skal du få klippe det raude bandet og opne kvilebenkene rundt «Bongsa», fortsette Høgemark.
Viktig møtestad
Og Fausk var ikkje vond å be, til solid applaus frå mange frammøtte kunne ein gå laus på feiringa.
– Det er kjekt om dette blir både kvilebenker og ein møtestad. Slike treffstader er viktige for alle uansett kva trong ein har i turløypa. Det å kunne setje seg ned, samstundes som ein slår av ein drøs kan bety mykje. Så gratulerer med dagen, sa kultursjef Ingvar Frøyland i si helsing.
Skal ein tolke dei som var møtt fram er benkene både tatt i bruk og godt nytta til nå.

Les heile saken i papiravisa, som kan kjøpast digitalt her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/