Etter sist vekes resultat er det Falkeid det er verst for om dagen. 1-7 sist helg varma neppe opp under sjølvtilliten. Ferkingstad borte er alltid ein vanskeleg kamp, og Karmøy-laget har henta 14 av 18 poeng på heimebane. Mellom anna er dei eit av to lag som har slått Stegaberg denne sesongen. det som er like ille for Falkeid er at Skånevik og Kopervik 2 har begynt å ta poeng. Luka opp til trygg plass er plutseleg tre poeng, noko som gjer at nedrykkspøkelse er begynt å vise seg over Troppene.
Stegaberg rota vekk to poeng mot Kopervik 2 og er garantert ute etter revansje når dei møter Karmsund. Karmsund hadde seks strake kampar på rad utan tap, før dei røyk 2-3 for Sauda denne veka. Stegaberg vann heile 4-1 i Haugesund og er favorittar på Frakkagjerd fredag kveld.
Begge kampane startar klokka 18.00
i 4. divisjon kjempar Skjold om 5. plassen. Dei er inne i ein god periode med to strake og 7-1 i målskåre. Nå er Avaldsnes med mellom anna Morten Bådsvik i laget, noko heilt anna enn Skudenes og Sunde. Men desse kampane bruker å vere jamne. Spennande blir det garantert på graset i Grinde.
Kampstart 18.00
Bygdebladet er på plass på Frakkagjerd og i Grinde. Oppdateringar frå alle tre kampane kjem omlag klokka 20.30.