Budapest-turen til Susanne Sandslett Ramsdal (21) frå Skjoldastraumen blei ein heilt annan enn planlagt.
Budapest-turen til Susanne Sandslett Ramsdal (21) frå Skjoldastraumen blei ein heilt annan enn planlagt.

Hjelpte over 50 til fridom

Budapest-turen til Susanne Sandslett Ramsdal (21) frå Skjoldastraumen blei ein heilt annan enn planlagt. I staden for å dra på spa og shopping, enda ho og kjærasten opp med å hjelpe over 50 flyktningfamiliar over til Austerrike.

Av Mona Terjesen
– Me bestilte eigentleg billettane til Budapest for mange månadar siden. Me skulle reise dit på ein firmatur, men så ei veke før avreise, oppdaga me gjennom nyheitene at all transport utav Ungarn var stansa, fordi statsministeren og regjeringa hans ikkje ønska at flyktningane verken skal opphalde seg i landet eller passere. Me stod framfor eit vegskilje; skulle me avbestille turen vår, eller reise ned for å hjelpe? Det blei heilt absurd å tenke på at me skulle kose oss på spa og ete på flotte restaurantar i eit land, der tusenvis av flyktningar var samla på næraste togstasjon – med store behov for hjelp. Me bestemte oss for å dra for å hjelpe, fortel Susanne, som 10. september, reiste ned saman med kjærasten Jørgen Baustad.
Givarglede
Så fort avgjerda var tatt, sette Susanne i gang ein innsamlingsaksjon på facebook, der ho lista opp kva flyktningane hadde behov for.
– Eg fekk inn så mykje meir enn forventa! Folk gav så mykje. Me reiste til Ungarn med 80 kilo nødhjelp og over 8000 kroner. Over 50 familiar fekk me sendt me tog til Austerrike. Der mottar dei i motsetnad til i Ungarn, gratis transport, legehjelp og bistand frå frivillige hjelpeorganisasjonar.

Les heile saka i papirutgåva