Erik Frøyland skårer sitt andre for dagen og legg på til 5-0 mot Karmsund. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erik Frøyland scoret to mot KIL 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Målmaskinane lar seg ikkje stoppe

Sauda vann 7-0 i går. I kveld svarte Stegaberg med same mynt. Måljegerane Vemund Eskevik, Erik Frøyland og Kristoffer Askeland sto for målshowet då Karmsund blei slått 7-0.

Det sto 4-0 allereie etter 26 minuttar. Så tok heimelaget ein liten pause, før dei etter kvilen dundra på igjen i kjent stil. 4-0 blei til 7-0 på 15 minuttar.
– Eg er i storform for tida og har skåra sju mål på fem kampar. I dag var eg lett i beina og det passa bra, for det blei mykje bakrom. Me burde vel strengt tatt ha skåra nokre fleire mål, men sju er bra det, gliser Erik Frøyland etter tre mål mot Karmsund.
Tre blei det også på rekordjagande Vemund Eskevik. Denne gongen sto rekorinnehavaren Dag Frode Tønnesen på sidelinja og så på med tre gule kort.
– Me opna klart best opg kjørte over dei. Så slakka me litt av, men hadde full kontroll. I 2. omgang skulle me knuse til og slik blei det. Einig i at me kunna hatt på 11 og 12 i dag, seier Eskevik.
Motiverande
Trenar Thormod Ness vikarierte for Tønnesen som midtstoppar.
– Kjekt å spele sjølv om eg eigentleg ikkje har tenkt å gjere det. Me hadde full kontroll og gav Sauda eit rimeleg greitt svar. Alle fekk prøve seg og me klarte å gjer det me var einige om i kampplanen. Kjekt å vere trenar då, seier Ness.
– Kva får du ut av 7-0 mot eit svarkt Karmsund?
– For oss er det motiverande når me går inn mot vanskelege kampar mot Ølen og Sauda. I dag viste med styrke og det likar eg, seier trenaren.
Kristoffer Askeland skåra eit mål og blei felt, slik at Eskevik også fekk seg eit mål frå straffemerke.

Stegaberg – Karmsund

Stegaberg 7 (4)
Karmsund 0 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Vemund Eskevik (3)
2-0 Erik Frøyland (20)
3-0 Kristoffer Askeland (24)
4-0 Vemund Eskevik (str. 26)
5-0 Erik Frøyland (49)
6-0 Vemund Eskevik (54)
7-0 Erik Frøyland (60)
Dommar: Adrian Hima, Haugar
Tilskodarar: 30