Det blei ein brennheit finale på Vålerbanen for kort tid sida. Kampen mellom Tvedt og Nærsnes fekk ein svært dramatisk vending då pappa Nærsnes kjørte sonen sin konkurrent av banen.
– Det er så usportsleg at eg nesten ikkje har ord. Det kokte i topplokket, men eg klarte å presse bilen 150 prosent og fekk henta inn det meste. Men nå blir det eit utruleg press på meg før den siste finalen om nokre timar. For det første må eg framføre Nærsnes i mål, men eg er også litt stressa over kor mykje eg har pressa bilen min. Eg er så sisnt at det gjer vondt, seier Bjørn Tvedt.
Rett etter målgong var Tvedt borte i teamet til Nærsnes og spurte kva dette var for noko.
– Eg sa at eg rekna med at han var klar over korleis folk ville oppfatte dette, men fekk ikkje noko godt svar. Det er det verste eg har opplevd nokon gong, tordnar Tvedt.
2. finale 12 runder:
1. Ole William Nærsnes (Jaffa Racing) 12 12:26.116
2. Olav Rygge + 1.870
3. Bjørn Tvedt + 5.961
4. Arild Riise (Riise Motorsport) + 9.151
5. Per Øyvind Seeberg + 21.643
6. Anders von Essen + 22.190
7. Odd-Rune Nærsnes (Jaffa Racing) + 22.721
8. Haavard Olav Lien (Cartech) + 27.696
9. Richard Green (GREEN Racing) + 31.267
10. Eivind Nernes + 41.290