Fokus på Førre

Endeleg, vil mange seie, så skjer det spanande ting i Førre-bygda. Førreparken og Vestli skal byggast ut, og i tillegg skal det trafikksikrast endå meir, denne gongen med meir fortau.

Og ja, det er på tide at ein av kommunen sine indrefiletar nå tas i bruk. Området mellom Vestli og kyrkja er spanande. Kommunen har vist fagleg godt arbeid og utarbeida ein plan som gir mulegheiter både til eit, og fleire byggetrinn. Politikarane har samla stått bak det som har komme på bordet, og resultatet av dette arbeidet ser me begynner å likne noko for framtida. Fortetta bygging, med satsing på miljø og gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Ein skal ikkje leite lenge før ein finn pluss med Førre-bygda. Båthamn, nærleik til Haugesund, skule med god plass, kyrkje, friluftsområder og eit heilt nytt toplankryss. Det er heller ikkje utenkeleg at nokon på sikt ser føre seg å starte opp at med matvarebutikki Førre, om det nå blir ein utbyggingssuksess i Førreparken.
For skulen er all utbygging på godt nytt. Etter at Frakkagjerd skole blei bygd, har dei hatt godt med plass. Fleire elevar står heilt sikkert på ønskjelista deira. Skulen har eit godt rykte og har hatt fokus på stor aktivitet både på, og rundt skulen. I bygda har dei også eit musikkorps som har lang tradisjon innan rekruttering og som held stand som eit av landets beste. Speidaren har godt fotfeste i bygda, det same har diverse aktivitetar i bedehuset. Stegaberg IL har også mange medlem med adresse her.
Så for dei som liker Førre er det gode dagar, og dei er det mange av. Naturen ligg og lokkar både med sjø og fjell, noko som har gjort turar til Håvåshytta og Byheiane til ein attraksjon også i Tysvær. Førresfjorden er viktig som rekreasjonsområde for mange og defor er alt arbeid med kloakk og andre utslipp svært viktige å ha kontroll over.
Det er gledelig å melde at det skjer noko i yttarste del av Tysvær. Så får tida vise om dette blir ein stad for dei unge på jakt etter sine første bustadar, eller ein fristad for vaksne som vil kvitte seg med store hagar og høge hekkar.
Det får vere eit visst press å legge på dei som skal bygge ut og utvikle heile Førre-området i åra som kjem.
I første omgang har ein planar om 58 nye bustadar. Spanande er det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør