Espen Eriksen og Gunnar Halle serverte jazzversjoner av kjente og kjære salmar i Avaldsnes Kyrkje. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen og Gunnar Halle er på vei til Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Meir frå Eriksen

Espen Eriksen har vore i Skottland og spelt inn jazzplate med gitarist Haftor Medbøe og trompetist Gunnar Halle. Resultatet kjem i november/desember.

Trioen har spelt saman eit par gonger også tidlegare og nå har duoen Eriksen og Halle vore i Skottland og spelt inn albumet «The Space Between» på Losen Records. Medbøe har norske anar langt tilbake i tid og speler ein slags kammerjazz.
Før utgivinga skal Espen Eriksen på «tour» med sin eigen trio Espen Eriksen Trio til Korea og Russland. Der ventar ei rekkje med konsertar for grindebuen, som for kort tid sidan slepte albumet «Never Ending January» som me gav terningkast seks.

https://tysver-bygdeblad.no/2015/09/10/spelemann-potensiale/