Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer 4,1 prosent av arbeidsstyrka. Samanlikna med september 2014 har arbeidsløysa i Rogaland auka med 70 prosent. Det er grunn til å tru at arbeidsløysa vil fortsette å auke i same tempo fram mot årsskiftet. I september 2015 er det berre Aust-Agder som har høgare arbeidsløyse enn Rogaland. Arbeidsløysa aukar meir i Stavangerregionen enn i Nord-Rogaland.
Sist Rogaland hadde ei arbeidsløyse på 3,8 prosent var i januar 2005. I Noreg er no 79.600 personar registrert som heilt arbeidslause hos NAV.
4,6 prosent arbeidsløyse i Sandnes og i Haugesund
Bokn kommune har høgast arbeidsløyse med 5,2 prosent. Sandnes og Haugesund har arbeidsløyse på 4,6 prosent, medan Sola, Stavanger og Strand har 4,0 prosent arbeidsløyse. Arbeidsløysa aukar i alle kommunar, utanom Kvitsøy og Vindafjord.
– I dette biletet må me ikkje gløyma at ein stor del får seg arbeid relativt raskt.
– I dette biletet må me ikkje gløyma at ein stor del får seg arbeid relativt raskt. Mange arbeidssøkjarar i Rogaland har svært god kompetanse som mange næringar har bruk for, og dei er attraktive i arbeidsmarknaden, både i Noreg og i utlandet. Me ser at om lag 55 prosent av dei som registrerer seg som arbeidssøkjarar hos NAV er ute av systemet etter tre månadar, forklarar Truls Nordahl direktør i NAV Rogaland.
Ledige stillingar
1275 stillingar vart lyst ut i Rogaland i september. Totalt i Noreg vart lyst ut 17 905 stillingar.
– Mange næringar har bruk for arbeidskraft og det er ledige stillingar i alle bransjar. Ser me over fylkesgrensene finst næringar med behov for den kompetansen som arbeidssøkjarar i Rogaland har. Stadig fleire søkjer no arbeid andre stadar i landet og ser føre seg å pendle eller flytte for ein periode, seier Nordahl. NAV Rogaland vil arbeide meir for å kople arbeidssøkjarar frå Rogaland med arbeidsgjevarar i andre fylke.