Christoffer Kydland og Stegaberg gjekk på ein smell mot Sauda i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Christoffer Kydland og Stegaberg klarte bare uavgjort mot Haugar 2. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Heilsvart for Stegaberg

Sauda var best i alt i 45 minutt og punkterte kampen mot Stegaberg, med 4-0 til pause. Det kom seg litt etter kvilen, men eit tafatt heimelag må utsette opprykksfeiringa.

– Me skulle ligge lågt og kontre på dei. Det lukkas me ikkje med. Me missa eit par store sjansar, dei skåra på sine. Dermed prega måla mykje av kampen. Me skulle gjere grep i andreomgang for å ikkje øydelegge målskåren vår. Det gjekk sånn delvis. Svakt av oss, bra av dei, og slik er det i fotball, seier Stegaberg-trenar Thormod Ness.
Ness hadde ein kjempesjanse til å heade Stegaberg i leiinga etter fem minutt. Men litt feil timing og litt blending av flomlysa gjorde at den spelande trenaren aldri trefte ballen på open mål. Så var keeper Morten Mæland uheldig med ei klarering og André Lilleskog sendte gjestane i leiinga.
Stian Nordvik heada inn 2-0 etter svak markering, før to langskott gjekk rett i mål og gjorde førsteomgangen til ei trist framsyning på kunstgraset.

Svakt av oss, bra av dei

Betre
Etter kvilen blei det noko betre. Heimelaget heva seg litt og Sauda såg nøgde ut.
Espen Tørresdal flikka eit Ådne Nærheim frispark i mål, før Nærheim sjølv dunda inn 2-4. Men det var langt frå nok på ein svært dårleg dag for Stegaberg.
– Kor mykje sakna laget Vemund Eskevik?
– Mykje, men det visste me. Han er eit oppspelpunkt som klarar å halde på ballen. Det gjorde me ikkje i dag og det gjekk utover fleire spelarara, som mellom anna Kristoffer Askeland og Erik Frøyland. Dette må me berre glemme. Me er framleis på topp og ein slik prestasjon som i dag har me hatt få av i år. Me skal vere skuffa, men slett ikkje grave oss ned, seier Thormod Ness.
Stegaberg leiar nå med to poeng på Sauda når dei har to kampar att. Ølen ligg ni poeng bak og dei møter Vedavåg 2 på måndag.

Andre resultat i kveld:
Ferkingstad – Karmsund 0-0
Etne – Nord 3-1

Stegaberg – Sauda

Stegaberg 2 (0)
Sauda 4 (4)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
0-1 André Lilleksog (10)
0-2 Stian J. Nordvik (36)
0-3 Stian J. Nordvik (43)
0-4 Thomas Larsen (45)
1-4 Espen Tørresdal (70)
2-4 Ådne Nærheim (86)
Dommar: Zia Kazemi, Djerv 1919
Tilskodarar: 80